Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæring (opplæringsforskrifta) kapittel 9
§ 9-18. Fellesreglar om fritak frå vurdering med karakter
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får nødvendig rettleiing om kva fritak frå vurdering med karakter inneber, før det blir gitt slikt fritak. Foreldra skal også få slik rettleiing dersom elevane ikkje er myndige.
Dei som er fritatt frå vurdering med karakter, skal få halvårsvurdering og undervegsvurdering utan karakter.
Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget. Dersom ein elev som får innvilga fritak i eit fag, allereie har avlagt eksamen i faget, skal kommunen og fylkeskommunen stryke eventuelle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar eleven har i faget.
§ 9-21. Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar, tidlegare elevar og privatistar har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:
- Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom,
skade eller dysfunksjon. - Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn.
- Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring.
- Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller i den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.
Elevar som hadde rett til fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka på 8. til 10. trinn etter § 1-11, har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål i vidaregåande opplæring. Den skolen, kommunen eller fylkeskommunen som har ansvar for å utferde vitnemål, skal avgjere søknader om fritak.
Klageadgang
Vi gjør oppmerksom på at dette er et enkeltvedtak, jfr. forvaltningsloven § 2b. Vedtaket kan påklages av foresatte etter forvaltningsloven § 28. Fristen for å klage er 3 uker fra det tidspunkt de foresatte har mottatt enkeltvedtaket, jfr. forvaltningsloven § 29. En eventuell klage kan rettes til Hammerfest kommune, Breilia skole, som har fattet enkeltvedtaket. Dersom kommunen finner å ikke kunne omgjøre vedtaket, eller gi klager medhold, vil klagen bli videresendt til endelig klageinstans som er Fylkesmannen i Troms og Finnmark. Klagen sendes via skolen.