Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) kapittel 9
§ 9-18. Fellesreglar om fritak frå vurdering med karakter
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får nødvendig rettleiing om kva fritak frå vurdering med karakter inneber, før det blir gitt slikt fritak. Foreldra skal også få slik rettleiing dersom elevane ikkje er myndige.
Dei som er fritatt frå vurdering med karakter, skal få halvårsvurdering og undervegsvurdering utan karakter.
Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget. Dersom ein elev som får innvilga fritak i eit fag, allereie har avlagt eksamen i faget, skal kommunen og fylkeskommunen stryke eventuelle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar eleven har i faget.
§ 9-19. Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring
Elevar i grunnskolen som får individuelt tilrettelagd opplæring i eitt eller fleire fag, skal få fritak frå vurdering med karakter i faget eller faga dersom elevane eller foreldra ber om det. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel elevane eller foreldra om elevane skal ha fritak frå både skriftleg og munnleg karakter eller berre ein av dei. Om elevane eller foreldra vel karakter i faget norsk skriftleg, kan dei dessutan velje om elevane skal få karakter i eitt av dei norske skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.
Elevar i vidaregåande opplæring som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal få fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei ber om det. Dei har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag.
Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter, skal ha undervegsvurdering utan karakter ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen i tilfelle der planen vik av frå læreplanen i faget.
§ 9-20. Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får innføringsopplæring
Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som tar fatt på opplæringa i Noreg i siste halvdelen av eit skoleår, har rett til fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette skoleåret.
Elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa som får innføringsopplæring etter opplæringslova § 3-7 og § 6-6, har rett til fritak frå vurdering med karakter i heile perioden dei får innføringsopplæring. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan ikkje bli fritatt frå standpunktkarakter etter denne paragrafen.
§ 9-23. Fritak frå vurdering med karakter i kroppsøving
Elevar har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving dersom den tilpassa opplæringa elevane får etter opplæringslova § 11-1, ikkje kan vurderast med karakter.
Kommunen eller fylkeskommunen avgjer søknader om fritak.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Hvis du vil klage, er fristen tre uker fra du har mottatt vedtaket. Det står i forvaltningsloven § 29.
Klagen må nevne hvilken endring du ønsker, og bør være skriftlig. Du bør også begrunne klagen. Du sender klagen til Breilia skole ved rektor. Dersom Breilia skole ikke omgjør vedtaket, vil saken bli sendt til Statsforvalteren i Troms og Finnmark., som er endelig klageinstans.
Du har, med noen unntak, rett til å se dokumentene i saken. Dersom du allerede har fått alle dokumentene i saken, skal Breilia skole opplyse om det. Dette står i forvaltningsloven §§ 18 og 19.